Saturday, January 07, 2006

KJØRKA I HEDALEN

Her ser du kjørka i Hedalen.
No er Hedalsfrua heimkomen med ungen sin.
Ho sit der ho før har vore gjennom hundreder av år.
Ho vart teken til byen av ein konservator for tjuge år sidan.
Men ho lengta så heim til Hedalen,
og folk lengta etter ho.
***
Ein gong døydde alle folka i Hedalen.
Det var under Svartedauden.
Men, kanskje hundre år seinare kom ein jeger.
Han skaut ei pil etter ein storfugl i skogen.
Då høyrde han det klang i ei kjørkeklokke der inne.
Og, då han så etter fann han ei kjørke der.
Då han gjekk inn så han ein diger bjørn.
Den hadde hi under alteret.
Han skaut bjørnen.
Og skinnet er no spent ut på veggen i kjørka.
***
Ved inngongen til kjørka er ei eldgamal treskjæring.
Den fortel om Sigurd Fovnesbane si kamp mot dragen.
Og det er vel det som er heile tanken med kjørka:
Å læra seg å sloss mot drager.
Dei er ikkje alltid så lette å ha med å gjera.
***

2 Comments:

Blogger tvangslitterær said...

Men kvifor lyt vi sloss med dei?

8:16 AM  
Blogger Gina said...

het det virkelig "kjørka"?! Jeg trodde det het "Kyrkja"... Eventuelt som vi sier i snobbete Bergen "Kirken"...

9:33 AM  

Post a Comment

<< Home